Grov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grov
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Skånland
Areal 0,58 km²
Folketal 400 (2017)
Folketettleik 690 / km²
Postnummer 9446 GROVFJORD

Grov er ein tettstad med 400 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Skånland kommune i Troms. Staden ligg på austsida av Grovfjorden. Riksveg 825 og 829 møtest i bygda. Av kommunale tilbod er det barne- og ungdomsskule med symjehall, barnehage, bibliotekfilial og bu- og servicesenter. Det er to mekaniske verksemder der og det vert også drive jordbruk og oppdrett av laks og skjel. Tidlegare vart det laga båtmotorar ved Grov Mek Verksted.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]