Grov nattfiol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grov nattfiol

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Platanthera chlorantha Luxemburg 01.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Platanthera
Art: P. chlorantha
Underartar
Vitskapleg namn
Platanthera chlorantha
(Custer) Rchb.
Økologi
Habitat: skog, eng
Utbreiing: Europa, vestlege Asia

Grov nattfiol (Platanthera chlorantha) er ei plantenattfiolslekta Platantheraorkidéfamilien (marihandfamilien).[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Grov nattfiol kan bli opp mot 50 centimeter høg, og har kvite blomar med lang spore i eit glisent aks. Han er oftast litt større og grøvre enn nattfiol. Hos nattfiol ligg dei to støvbærarane tett ved sidan av kvarandre inne i blomen, medan dei hos grov nattfiol spriker som ein oppned «V». Blomane duftar søtleg, mest om natta, noko som heng sama med at dei blir bestøva av nattaktive tussmørkesvermarar (Sphingidae).

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Det vitskaplege namnet Platanthera montana har òg vore brukt om grov nattfiol.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Nattfiol veks gjerne i ulike typar slåtte- og beitemark, vegkantar, lyngheier og (beita) skog. Arten lever mest nær kysten nord til Trøndelag.[3]Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).[4]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «grönvit nattviol»),[5] i Danmark (NT) (dansk namn: «skov-gøgelilje»)[6] og i Finland (LC) (finsk namn: «keltalehdokki»).[7]

Grov nattfiol (engelsk namn: «greater butterfly orchid») veks spreidde stader på Dei britiske øyane, og i den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[8] Lokalt er han livskraftig (LC) i England og Wales,[9][10] men nær truga (NT) i Skottland.[11] I Irland har han status som livskraftig (LC).[12]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar grov nattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre grov nattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  3. «Artskart: Grov nattfiol, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  4. «Raudlista: Grov nattfiol». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2022. 
  5. «Artfakta naturvård: Platanthera chlorantha grönvit nattfiol». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Skov-Gøgelilje Platanthera chlorantha». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  7. «LAJI: Platanthera chlorantha». LAJI.FI. Henta 5. mars 2022. 
  8. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]