Hopp til innhald

Grovfjorden

Koordinatar: 68°41′20.472″N 17°4′41.689″E / 68.68902000°N 17.07824694°E / 68.68902000; 17.07824694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°41′20.472″N 17°4′41.689″E / 68.68902000°N 17.07824694°E / 68.68902000; 17.07824694

Grovfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tjeldsund
Kart
Grovfjorden
68°41′20″N 17°04′42″E / 68.689°N 17.0782°E / 68.689; 17.0782
Wikimedia Commons: Grovfjorden

Grovfjorden (samisk Roabavuotna) er ein fjordarm av Astafjorden i Tjeldsund kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til grenda Laberget i botn av fjorden. Fjorden er delt i to av eit smalt sund midtvegs inn i fjorden. Her ligg tettstaden Grov på austsida.

Fjorden har innløp mellom gardane Fornes i vest og Stretet i aust. Bortsett frå desse to er det ingen busetnader i den ytre delen av fjorden. Ved Grov kryssar Riksveg 825 fjorden og held fram vidare ut fjorden på austsida. I den indre delen av fjorden ligg grendene Marskar og Laberget på sørsida av fjorden og i tillegg finn ein andre gardsbruk på nordaustsida.

I tillegg til Rv825 går Riksveg 829 langs austsida av fjorden nord til Grov. På vestsida av den indre delen går Fv114.