Grow av Jeangu Macrooy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Grow»
Song av Jeangu Macrooy
Land Nederland
Språk Engelsk
Utgjeve 4. mars 2021
Sjanger Gospel
Lengd 02:59
Selskap Unexpected Records
Komponist Jeangu Macrooy
Tekstforfattar Jeangu Macrooy
Låtskrivar(ar) Jeangu Macrooy, Pieter «Perquisite» Perquin

«Grow» (norsk 'vekse' eller 'veks') er ein sjølvbiografisk song frå 2020 av den surinamsk-nederlandske songaren og låtskrivaren Jeangu Macrooy. Songen vart utgjeven 4. mars 2020, og skulle ha representert Nederland i Eurovision Song Contest 2020, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song cONTEST på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Grow» er komponert og framført av musikaren Jeangu Macrooy. Manageren hans, den nederlandske musikaren og produsenten Pieter «Perquisite» Perquin, står bak arrangementet og instrumenta i songen.[2]

Macrooy er frå Surinam, men har budd i Nederland i ei årrekkje, og har vorte ein kjend person i landets musikkliv. Han omtalar «Grow» som ein sjølvbiografisk song, og seier at han skreiv han i ein «mørk periode».[2] Songen har engelsk tekst og er ei personleg historie om å verta eldre, og jakta på å finne seg sjølv.[3] Han handlar vidare om å verta eldre og innsjå at det ikkje finst nokon klappa og klar veg til lukke – og at livet er ein serie med opp- og nedturar, noko som til slutt gjer at ein veks.[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Grow» skulle representere Nederland på heimebane i Eurovision Song Contest 2020, etter at den nederlandske kringkastaren AVROTROS internt valde Jeangu Macrooy til å representere landet i tevlinga. Som vertsnasjon var Nederland automatisk kvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 16. mai 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Macrooy fekk i staden delta i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Birth of a New Age».[6]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle musikkvideoen til «Grow» er regissert av Joe Roberts, og vart i likskap med låten sloppen 4. mars 2020.[3][7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2020) Høgaste

plassering

Nederland (Nederlandse Top 40)[8] 29
Nederland (Single Top 100)[9] 48

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Nederland 4. mars 2020 Unexpected Records Digital nedlasting, strøyming [10]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Jeangu Macrooy wrote Songfestival song Grow in a ‘dark period’ | NOW» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Jeangu Macrooy premiers 'Grow' for the Netherlands». 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  4. «Jeangu Macrooy premiers 'Grow' for the Netherlands». eurovision.tv. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  6. «Jeangu Macrooy starts again with 'Birth Of A New Age'» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  7. «Jeangu Macrooy – Grow – The Netherlands – Official Music Video – Eurovision 2020». YouTube. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  8. Top 40, Stichting Nederlandse. «Jeangu Macrooy - Grow» (på nederlandsk). Henta 21. mars 2020. 
  9. Hung, Steffen. «Jeangu Macrooy - Grow». Henta 21. mars 2020. 
  10. «‎Grow – Single by Jeangu Macrooy on Apple Music». Apple Music. Henta 4. mars 2020.