Grua kalkverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grua kalkverk er eit bergverk som var i drift frå 1908 til midten av 1900-talet med fleire eigarar på Grua i Lunner kommune.

Bergverket vart etablert av Christiania Minekompani med Hans Kristian Borchgrevink som direktør. Drifta starta i 1910 med ein kalkomn i granitt. Ein større kalkomn kom i 1912. Begge kalkomnane var sjaktomnar og vart restaurerte i 1991, medan ei kalkmølle på staden er riven. I 1930 vart 22 000 tonn kalk selt til Norsk Hydro, Christiania Spigerverk, Statens vegvesen og Essen Asfalt.

Grua kalkverk vart drive på tre kalkbrot. Kalken vart danna i kambrosilurtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]