Grubbegata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′56.128″N 10°44′48.930″E / 59.91559111°N 10.74692500°E / 59.91559111; 10.74692500

Grubbegata i Regjeringskvartalet og vidare mot gata Grensen, fotografert i 2008. I framgrunnen Einar Gerhardsens plass, namngjeve i 1997 etter tidlegare statsminister Einar Gerhardsen.
Grubbegata vart stengd etter terroråtaket 22. juli 2011. Folk mintest dei døde med blomar og ljos på og attmed stengselet i innkøyringa til gata frå Grensen.

Grubbegata er ei gate i nordleg lei i det sentrale Oslo, frå gata Grensen til gata Fredensborgveien, namnsett i gamal tid etter kjøpmannen Ulrik Grubbe, som budde ein stad i dette området på 1700-talet. Då var dette hovudsambandet mellom byen Christiania og det som no er stroket Hammersborg.

Grubbegata går gjennom Regjeringskvartalet. Etter Anders Behring Breiviks terroråtak 22. juli 2011 på Regjeringskvartalet, har gata på denne strekninga vore stengd for køyring, til dels òg for fotgjengarar. Deler av gata gjennom kvartalet har vorte byggjeområde for førebuingane til underjordisk infrastruktur for nytt regjeringskvartal.

Langsetter Grubbegata ligg elles mellom anna Noregs Høgsterett med adressa Høyesteretts plass 1, Oslo hovedbrannstasjon med adressa Arne Garborgs plass 1, Svenska Margaretakyrkan med adressa Hammersborg torg 8, den freda kyrkjegarden Krist kirkegård, og Kristparken, ei utviding av Krist kirkegård på 1800-talet som vart lagt ut til park etter at fredingstida på 40 år frå siste jordfestinga hadde gått ut i 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Grubbegata