Grue Finnskog kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grue Finnskog kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Grue
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Grue Finnskog
Fellesråd Grue
Arkitekt Niels Stockfleth Darre Eckhoff (1886), Ola B. Aasnes (1950)
Material Tre
Innvigd 8. desember 1886 (26. november 1950)
Tårn I vest
Klokker 2, Bochumer Verein, 1886
Preikestol 1886 (teikna av Eckhoff)
Døypefont 1886
Altartavle Cecilie Dahl i 1897, i kopi e. Carl Henrich Bloch
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1957
Sitjeplassar 340
Kart
Grue Finnskog kyrkje
60°25′06″N 12°24′22″E / 60.41833333°N 12.40611111°E / 60.41833333; 12.40611111
Wikimedia Commons: Grue Finnskog kirke

Grue Finnskog kyrkje er ei langkyrkje i nygotisk stil frå 1886 i Svullrya i Grue kommune i Innlandet fylke. Kyrkja heitte tidlegare Revholt kapell fram til 1952 då namnet vart Grue Finnskog kapell. Det er ei trekyrkje med 340 plassar og ligg på SvullryaGrue Finnskog.[1]

Det kom kyrkjegard på staden i 1854. I 1862 vart det bygd eit lite kapell (utan tårn) som vart innvigd 4. mars 1863. Kapellet vart oppført av Brede Bredesen Kolstad. Kapellet var altfor lite og det vart derfor rive i 1883 for å gi plass til ei ny og større kyrkje.

Ny kyrkje (kapell) vart teikna av Niels Stockfleth Darre Eckhoff og oppført av Günter Schüssler. Ho vart innvigd i 1886. 28. januar 1948 raste mykje av kyrkja saman på grunn av store snømengder. Berre tårnet og den vestlege delen av skipet sto att. Kyrkja vart deretter gjenreist etter teikningar av Ola B. Aasnes og innvigd på ny den 26. november 1950.

Altertavla har eit bilde som er måla av Cecilie Dahl i kopi etter Carl Bloch. Dei to kyrkjeklokkene i tårnet er støypte i stål hos Bochumer Verein i Bochum i Westfalen i 1886. Kyrkja fekk orgel i 1889 bygd av orgelbyggaren  J. P. Nyström i Karlstad. I 1957 vart dette skifta ut med eit frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk.

Det har tidlegare òg vore gravplassar ute på nokre holmar i innsjøen Røgden. Dei blir kalla Kjerringholmane eller Akkasauri.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grue Finnskog kirke ved Lokalhistoriewiki.no, vitja 1. mai 2020

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Collett, John Peter (1978). Kirke og menighet i Grue gjennom 150 år. Grue kirke 1828-1978. Grue menighetsråd. s. 189-191, 271-274 og 377-379. ISBN 82-7104-041-3. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 626. ISBN 82-75-27022-7. 
  • Øverland, Olava og Mellin, Bo Aje (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 140-141. ISBN 82-521-4500-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]