Grue kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°26′57″N 12°3′11″E

Grue kyrkje
kyrkje
Grue kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Grue
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Grue
Fellesråd Grue
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 28. september 1828
 - Endringar 1864, 1975–77, 2009
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Linstow
Døypefont Raud granitt, Wilhelm von Hanno
Altartavle Kross med bladgull på blå bakgrunn
Orgel Brødr. Torkildsen, 1998
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Grue kirke

Grue kyrkje er ei langkyrkje fra 1828Kirkenær i Grue kommune i Hedmark fylke.

Den gamle kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Det har vore kyrkje på Kirkenær sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart oppført på 1200-talet og utvida med lafta sidefløyar omkring 1600. Denne kyrkja brann ned den 26. mai 1822 i det som står som den verste kyrkjebrannen i norsk historie. Etter brannen vart det kravd at utgangsdørene i norske kyrkjer skulle slå utover, og mange dører vart hengsla om som fylgje av dette. Kyrkjestaden på Kirkenær vart dessutan flytta, sidan den gamle var utsett for flaum og erosjon. Prestegarden er framleis ved den gamle kyrkjestaden.

Den noverande kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja vart teikna av H.D.F. Linstow og oppført i pussa teglstein, med viglsing i 1828. Kyrkja har gotiske (spissboga) vindauge og dører, men framtoninga elles er eit stykke unna den nygotikken som breidde om seg frå 1850-talet. Tårnet har ei form som minnar om bysantinsk arkitektur.

På kyrkjegarden er eit minnesmerke over kyrkjebrannen i 1822 der det står at det var 113 dødsofre. Det kan sjå ut til at 3-4 utanbygdsfolk ikkje er rekna med i dette talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Collett, John Peter (1978). Kirke og menighet i Grue gjennom 150 år. Grue kirke 1828-1978. Grue menighetsråd. s. 189-191, 271-274 og 377-379. ISBN 82-7104-041-3. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 630. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]