Tranefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gruidae)
Tranefamilien
Jomfrutrane, Anthropoides virgo Foto: Sumeet Moghe
Jomfrutrane, Anthropoides virgo
Foto: Sumeet Moghe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Tranefamilien Gruidae
Vigors, 1825

Tranefamilien (Gruidae) er ein biologisk familie av store, langbeinte fuglar med langstrekt hals i ordenen tranefuglar, Gruiformes. Familien har 15 artar i fire slekter, ein av desse 15 artane er arten trane, den eurasiske tranearten som òg finst i Noreg i hekketida. I det følgjande er omgrepet traner brukt om familien, ikkje om arten. Traner skil seg frå hegrar ved at traner flyg med halsen utstrekt, ikkje trekt tilbake som hegrar gjer. Det er ikkje nært slektskap mellom traner og hegrar.

Traner lever på alle kontinent unntatt Antarktis og Sør-Amerika.

Dei fleste traneartane er klassifisert som truga, eller kritisk truga, innanfor utbreiingsområdet sitt. Tidleg lovverk i USA for å verne truga artar var inspirert av situasjonen for trompetertraner i Nord-Amerika.

Dietten er sett saman av ei rekkje element av passande storleik, medrekna smågnagarar, fisk, amfibium og mindre ingrediensar som insekt, korn, bær og planter.

Traner byggjer plattformreir på grunt vatn, og vanlegvis legg dei to egg i kullet. Begge foreldra hjelper til med omsut for ungane, og ungane held seg saman med foreldra fram til neste hekkesesong.

Nokre artar og bestandar av artar gjer fugletrekk over lange avstandar; andre migrerer ikkje i det heile. Gjennom hekkesesongen lever traner parvise, elles er dei sosiale, og dannar store flokkar.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Tranefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[2] IUCN-kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[3]

Treliste
  • Underfamilie Balearicinae
  • Underfamilie Gruinae
    • Slekt Leucogeranus
      • Snøtrane, Leucogeranus leucogeranus, Siberian crane, (Pallas, 1773), (CR)
    • Slekt Antigone
      • Kanadatrane, Antigone canadensis, Sandhill crane, (Linnaeus, 1758), (LC)
      • Kvitnakketrane, Antigone vipio, White-naped crane, (Pallas, 1811), (VU)
      • Sarustrane, Antigone antigone, Sarus crane, (Linnaeus, 1758), (VU)
      • Brolgatrane, Antigone rubicunda, Brolga, (Perry, 1810), (LC)
    • Slekt Grus
      • Vortetrane, Grus carunculata, Wattled crane, (Gmelin, JF, 1789), (VU)
      • Blåtrane, Grus paradisea, Blue crane, (Lichtenstein, AAH, 1793), (VU)
      • Jomfrutrane, Grus virgo, Demoiselle crane, (Linnaeus, 1758), (LC)
      • Japantrane, Grus japonensis, Red-crowned crane, (Müller, PLS, 1776), (VU)
      • Trompetertrane, Grus americana, Whooping crane, (Linnaeus, 1758), (EN)
      • Trane, Grus grus, Common crane, (Linnaeus, 1758), (LC)
      • Kvithovudtrane, Grus monacha, Hooded crane, Temminck, 1835, (VU)
      • Svarthalstrane, Grus nigricollis, Black-necked crane, Przevalski, 1876, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Innleiinga av denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Crane (bird) frå Engelsk Wikipedia den 8. desember 2014. Hovudkjelda for artikkelen var:
Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023. 
  3. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. april 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tranefamilien