Grunay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto av Grunay med Bound Skerry i bakgrunnen

Grunay er ei folketom øy i Out Skerries, den austlegaste delen av heile Shetland i Skottland.

Det står eit fyrvaktarhus på øya for fyret på naboøya Bound Skerry. Dette huset har stått tomt sidan fyret vart automatisert i 1972.[1]

Eit bombefly av typen Blenheim IV frå No. 404 Squadron RCAF styrta på sørsida av øya morgonen 21. februar 1942, kanskje etter å ha vorte treft av fienden utanfor kysten av Noreg. Det vart plassert ein minneplakett på staden i 1990 av nevøen til ein av dei tre som omkom.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Out Skerries Lighthouse " NLB. Henta 24. mars 2010.
  2. Shetland Crash Log crcshetland.co.uk. Henta 24. mars 2010.

Koordinatar: 60°25′1″N 0°44′56″W