Grunde Njøs
Utsjånad
| Grunde Njøs | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 20. juni 1967 (59 år) Trondheim |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002 |
Grunde Njøs (fødd 20. juni 1967) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Trondheim. Han var medlem i Leinstrand Idrettslag.
Njøs var noregsmeister i sprintfirkamp åra 1992 og 1999. Han vann elles NM-gull på 500 meter i 1996, 1999, 2000, 2001 og 2003. I internasjonale meisterskap vart han som best nummer 5. i Skeise-VM 1995 i sprint-firkamp. I enkelt-tevlingar la han beslag på sjuandeplassen på 500 meter i Vinter-OL 1994, femteplassen på 500 meter i VM enkeltdistansar 1999 og fjerdeplassen på 500 meter i VM enkeltdistansar 2000.
Njøs presterte livsbeste 35,36 sekund på 500 meter og 1.10,59 på 1000 meter, begge oppnådd i eit stemne i Calgary 3. mars 2001.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- olympedia
- Denne artikkelen bygger på «Grunde Njøs» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2025.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1967
- Norske skeiseløparar
- Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse
- Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser
- Norske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skeiseløparar under vinter-OL 1994
- Norske deltakarar under vinter-OL 1998
- Skeiseløparar under vinter-OL 1998
- Norske deltakarar under vinter-OL 2002
- Skeiseløparar under vinter-OL 2002
- Folk frå Trondheim