Grunnbrott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grunnbrot på ei sandstrand.
Klassifisering av bølgjer i vatn.

Grunnbrott er ei bølgje eller dønning som bryt heilt ned til botnen. Grunnbrott kan nå heilt ned til 20-30 meters djupne.

Når ei bølgje kjem inn på så grunt vatn at djupna er halvparten av bølgjelengda, vil rotasjonen av vasspartiklar under bølgja verte hindra. Sirkelrørsla får ei meir oval form. Ved botnen er rørsla fram og attende. Til djupna er 1/10 av bølgjelengda, vert bølgjene lengre og lågare. Når det vert grunnare, vert bølgja si framdrift hindra. Samstundes vert ny energi tilført bakfrå. Bølgja vert kortare, høgare og brattare, og ho vil bryte. Dette vert kalla grunnbrott.[1]

Sidan bølgjelengda har innverknad på om det bryt, kan ein i ureint farvatn oppleve grunnbrott i roleg sjø, med lange dønningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vi får dårlig vær», Kystnavigasjon. Henta 20. juni 2021.