Grunnfag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grunnfag er eit tidlegare omgrep som blei brukt om eit studiefag ved universitetet der eksamen gav 20 vekttal (60 studiepoeng), tilsvarande ei årseining. Frå eit grunnfag kunne ein student gjerne halde fram med ytterlegare 10 vekttal (30 studiepoeng), eit semester til i same fag, for å få mellomfag. To grunnfag innan same fag var eit storfag, (f.eks. 1. og 2. avdeling jus).

Grunnfag, mellomfag, eventuelt storfag med førebuande prøver danna cand.mag-graden på 4 år normert studietid. Mellomfag eller storfag i eit og same fag i ein cand.mag-grad danna grunnlag for eit toårig hovudfag på 40 vekttal (120 studiepoeng), totalt 6 års utdanning. I realfag tok kandidatane normalt hovudfag på 5 år.

I 2003/2004 kom kvalitetsreforma og vekttal blei erstatta med studiepoeng etter tid-for-tid-prinsippet. Cand.mag-grada blei til bachelorgrad på 3 år. Hovudfag blei til mastergrad. Grunnfag fekk namnet årsstudium.