Grunnfjorden i Tysfjord

Koordinatar: 68°01′01″N 16°18′58″E / 68.01694°N 16.31611°E / 68.01694; 16.31611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°01′01″N 16°18′58″E / 68.01694°N 16.31611°E / 68.01694; 16.31611 Grunnfjorden (samisk Rudnávuodna) er ein fjordarm av Tysfjorden i Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 16 km søraustover til Grunnfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Fagernes i vest og Tjårrnes i aust. På austsida av fjorden ligg grendene Kjerrneset, Lossvika og Råna. Desse har vegsamband seg i mellom, men ikkje vidare til resten av omverda. Fjorden er forholdsvis smal, frå 1,3 km ved innløpet til 400 meter lenger inne. Ved Garvaneset opnar derimot fjorden seg opp og vika Pollen går austover, medan fjorden held fram sørover til Grunnfjordbotn.