Grunnlovskonservatisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grunnlovskonservatisme kan i Noreg omtalast som at Stortinget tradisjonelt har hatt sterk motvilje mot å endre grunnlova viss ikkje dette har vore naudsynt av praktiske grunnar.

Språket i Grunnlova[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har grunnlovskonservatismen gått så langt, at når Grunnlova har blitt endra, så har ein valt å bruke ei gamalmodig språkdrakt. Rett nok ikkje den danske rettskrivinga frå 1814, men det siste hundreåret riksmålsrettskrivinga frå 1907. Mange av grunnlovsreglane frå 1814 gjeld framleis, og det gamalmodige språket gjer Grunnlova vanskeleg å lese og vanskeleg å forstå med utgangspunkt i moderne norsk. Til dømes seier Grunnlova § 100 at «Ytringsfrihed bør finde Sted.» Her skal «bør» lesast som «skal».

Grunnlova kan ikkje takast på ordet[endre | endre wikiteksten]

På fleire punkt har Grunnlova i praksis blitt endra ved konstitusjonell sedvanerett, mellom anna har Noreg etter 1884 hatt parlamentarisme - som kom inn i Grunnlova § 15 først i 2007. Etter 1905 har Noreg heller ikkje hatt noka personleg kongemakt, men det framgår framleis ikkje av Grunnlova.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Grunnlova hos Lovdata