Gruppa Carousel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carousel
Aktiv2015–
Sjangerindiefolk

Carousel er ei latvisk indiepop-gruppe som vart etablert i 2015. Carousel var fram til 2019 ein duo beståande av Sabīne Žuga og Mārcis Vasiļevskis. I 2019 vart Carousel utvida til ein kvartett, då Staņislavs Judins (kontrabass) og Mareks Logins (trommar) slutta seg til gruppa.[1]

Carousel vart nasjonalt kjend i Latvia då ho ovann songtevlinga Supernova i februar 2019 med songen «That Night». Med sigeren representerte gruppa Latvia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Carousel vart danna i Riga i Latvia i 2015, og bestod opphavleg av Sabīne Žuga (fødd 7. desember 1988) på vokal og Mārcis Vasiļevskis (fødd 16. februar 1987[3]) på gitar.[4] I 2019 slutta Staņislavs Judins og Mareks Logins seg til gruppa. Carousel omtalar seg sjølv som ei indiepop-gruppe som spelar sart stemme- og gitarbasert popmusikk «fulle av søte kjensler».[5] Sidan etableringa har gruppa opptredd i Latvia og utanlands, og jobba per 2019 med eit debutalbum.[5]

Hausten 2018 vart Carousel kjend for eit større publikum, då ho deltok i det latviske konsertshowet Pasaka ziemā. Vinteren 2019 stilla gruppa opp i songtevlinga Supernova 2019 på LTV med songen «That Night». Carousel vann finalen 16. februar og fekk dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest i Israel i mai 2019.[2] Carousel enda på 15. plass i sin semifinale torsdag 16. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 18. mai.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Muldoon, Padraig (27. april 2019). «Carousel: 10 facts about Latvia’s Eurovision 2019 group». wiwibloggs. Henta 28. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Carousel is Latvia's hope for Eurovision 2019!». EBU. 16. februar 2019. Henta 17. februar 2019. 
  3. «Sabīne Žuga - New Songs, Playlists & Latest News - BBC Music» (på engelsk). Arkivert frå originalen 17. februar 2019. Henta 17. februar 2019. 
  4. «Mārcis Vasiļevskis - New Songs, Playlists & Latest News - BBC Music» (på engelsk). Arkivert frå originalen 17. februar 2019. Henta 17. februar 2019. 
  5. 5,0 5,1 «Carousel» (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2019. 
  6. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.