Geologisk eining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gruppe i geologi)

Ei geologisk eining er ein berg- eller ismasse som ein kjenner opphavet til og der alderen er definert ut frå petrografiske, litologiske eller paleontologiske eigenskapar (facies).

Einingane må vere mogelege å kartlegge og skilje frå kvarandre, men kontakten treng ikkje å vere særleg tydeleg. Til dømes kan ei eining definerast ut frå uttrykk som «når sandsteinskomponenten er 75 % eller meir».

Litostraigrafiske einingar[endre | endre wikiteksten]

Litostratigrafiske einingar er baserte på bergartskarakter (litologi).

  • Overgruppe - to eller fleire grupper og einslege formasjonar
  • Gruppe - to eller fleire formasjonar
  • Formasjon - hovudeininga i litostratigrafi
  • Ledd - kalla litologisk underinndeling av ein formasjon
  • Lag - eit tydeleg lag i eit medlem eller ein formasjon

Eit døme er Friggformasjonen, som er ei karakteristisk eining av sandstein under Nordsjøen.

Kronostratigrafiske einingar[endre | endre wikiteksten]

Desse er baserte på at bergartslaga er avsett i eit bestemt tidsintervall og står i eit relativt eller absolutt aldersforhold til kvarandre.

  • Eonotem - alle berglaga som er lagt ned i eit eon.
  • Eratem - alle berglaga som er lagt ned i ein æra
  • System - alle berglaga som er lagt ned i ein periode
  • Serie - alle berglaga som er lagt ned i ein epoke
  • Etasje - alle berglaga som er lagt ned i ein alder.

Eit døme er triassystemet, som omfattar bergartane danna gjennom eit bestemt tidsrom.

Geokronologiske einingar[endre | endre wikiteksten]

Desse er basert på tidsintervalla bergartslaga er danna i, målt til dømes i år. Den største inndelinga er eon, som vidare vert delt inn i æra, periode, epoke og alder.

Eit døme er trias eller triasperioden, som er eit bestemt tidsrom i jordhistoria.

Biostratigrafiske einingar[endre | endre wikiteksten]

Desse er basert på fossilinnhaldet. Hovudeininga her vert kalla biosone.

Sekvensstratigrafiske einingar[endre | endre wikiteksten]

Desse er basert på einingar som genetisk høyrer saman og er avgrensa av eroasjonsflater elelr andre flater som representerer manglende avsettingar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]