Gruvesjakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inngangen til ei gammal skrånande gruvesjakt i Yarnbury i Yorkshire.

Ei gruvesjakt er ei sjakt, ein loddrett eller skrånande gang, i ei gruve. Ho er som oftast sprengt ut i fjell. Målet med gruvesjakta er å komma til eit malm- eller mineralfunn. Ei gruvesjakt kan vere alt frå eit titals meter til over tusen meter djup.

Ovanfor gruvsjakta kan det det vere oppført eit gruvetårn. Her finst gjerne innretningar for transport av materiell, personell og brote malm. I sjakta under gruvetårnet finst det elleidningar, røyr, stiger og styringar for heisane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]