Gry Larsen
Utsjånad
| Gry Larsen | |||
| | |||
| Fødd | 7. november 1975 (50 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv | |||
Gry Larsen (fødd 7. november 1975) er ein norsk politikar som representerer Arbeidarpartiet. Ho kjem opphavleg frå Jevnaker, men bur i Gamlebyen i Oslo. Ho er utdanna cand.mag. med faga statsvitskap, historie og Nord-Afrika- og Midtausten-kunnskapar. Tidlegare har ho vore leiar, nestleiar og sentralstyremedlem i AUF og har òg hatt verv i Oppland AUF og Jevnaker AUF.
Larsen vart utnemnd til politisk rådgivar for utanriksminister Jonas Gahr Støre då regjeringa Stoltenberg II overtok i 2005. 23. april 2009 vart ho utnemnd til statssekretær i same departement etter at Raymond Johansen vart vald til partisekretær i Arbeidarpartiet.