Gryllefjord kapell
Gryllefjord kapell | |||
kapell | |||
Gryllefjord kapell med minnebautaen i framgrunnen.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Senja | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Senja | ||
Sokn | Torsken sokn | ||
Fellesråd | Torsken | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | tømra[1] | ||
Material | tre[1] | ||
Innvigd | 1902[1] | ||
- Endringar | Restaurert i 1938 og 1993 | ||
Tårn | I vest | ||
Kyrkjegard | I Ballsvika, over fjella i nordaust | ||
Preikestol | Frå 1938, av Olav Flakstad[1] | ||
Døypefont | Frå 1938, av Olav Flakstad[1] | ||
Altartavle | Krusifiks[1] | ||
Sitjeplassar | 150[1] | ||
![]() Gryllefjord kapell | |||
Wikimedia Commons: Gryllefjord kapell | |||
Gryllefjord kapell er ei langkyrkje i tre som står i Gryllefjord i Senja kommune i Troms og Finnmark.[1]
Byggverket vart reist i 1902 og har 150 sitjeplassar.[1] Kapellet er tømra, utanom nordveggen som er kledd i eternitt.[2]
Bygget vart reist som bedehus og sidan vigsla som kapell. I 1938 vart det påbygd. Preikestolen og døypefonten er frå det året og vart laga av Olav Flakstad.[1] Utanfor kapellet står ein bauta til minne om ein tragedie under den andre verdskrigen, i 1943, då 13 fiskarar omkom på Svennsgrunna utanfor Senja.
Gravplass[endre | endre wikiteksten]
Gravplassen for området ligg i Ballsvika, over fjella nordaustom Gryllefjord.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Gryllefjord kapell». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 130. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ Ronny Trælvik og Lill-Karin Nyland (2015). «Gryllefjord kapell». Kirkene i Troms. 1. Finnsnes: Bok i Nord. s. 148. ISBN 978-82-93393-05-4.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Torsken kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Troms» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-02-04 ved Wayback Machine.
- Gryllefjord kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren