Gryllefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gryllefjord

Gryllefjorden er ein fjordarm på nordsida av Torskefjorden i Torsken kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7,5 km austover til Gryllefjordbotnen.

Fjorden har innløp mellom Ravnerevna i vest og Juldagsneset i aust. Fjorden går først nordover, men snur raskt rett austover. Tettstaden Gryllefjord ligg på sørsida av fjorden like etter at han har svingt austover og frå her går det ferje ut fjorden og over Andfjorden til AndenesAndøya.

Fylkesveg 86 går langs begge sider av fjorden.