Grytåfjorden

Koordinatar: 65°48′18″N 12°42′35″E / 65.80500°N 12.70972°E / 65.80500; 12.70972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°48′18″N 12°42′35″E / 65.80500°N 12.70972°E / 65.80500; 12.70972 Grytåfjorden er ein fjordarm av Halsfjorden i Vefsn kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 1,5 km søraustover til den veglause garden Grytåa. Garden er kalla opp etter elva som munnar ut i fjorden her.

Fjorden ligg på austsida av Skipsneset. Vest for Skipsneset går Sørfjorden sørover.