Grytåga kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°48′12.74″N 12°43′44.44″E

Grytåga kraftverk

Grytåga kraftverk er bygd med ein kombinasjon av fjelltunnelar og røyrgater i 1963 og nyttar fallet på 198 meter frå Grytåvatnet i Vefsn kommune.

I tillegg til Grytåvatnet er òg Finnknevatnet og Hundålvatnet i Hundålavassdraget regulert. Ved Hundålvatnet er det ein 25 meter høg fyllingsdam, Vatnet herfrå vert leidd gjennom 3,8 km tunnel til Grytåvatnet som er demt opp med ein 27 meter høg kvelvdam. Frå Grytåvatnet vert vatnet leidd i ein tunnel til ventilkammeret og herfrå i røyr til kraftstasjonen.

Kraftverket har ein installert effekt på 48 MW og ein middels årsproduksjon på 250 GWh. Anlegget er eigd av Helgelandskraft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]