Grytastranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grytastranda er ei bygd med ca. 550 innbyggjarar på nordsida av Grytafjorden i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Grytastranda strekkjer seg mellom Hamnsund i vest til Slyngstad i aust og omfattar dei opphavlege gardane Uggedal, Engeset, Gryta, Holmeset, Urkedal, Gjerset, Årset og Krogset.

Grytastranda ligg solvendt og lunt til, og byr dermed på gode tilhøve for gartneri. Her blir dyrka både tomat, agurk og jordbær.

Grytastranda har lange tradisjonar innan fiske, og er i dag eit av dei områda fiskerinæringa står sterkast i Haram kommune. Fleire moderne fiskebåtar som driv fiske i fjerne farvatn høyrer heime her, og dei fleste har sine eigne kaianlegg og sjøbuer langs stranda. Det finst også to fiskeforedlingsanlegg på stranda.

Dei fleste som bor på Grytastranda er er likevel pendlarar, med arbeid i nabobygder som Søvik eller lenger unna.

Grytastranda har eigen barneskule på Gryta med ca. 40 elevar, og her er barnehage på Gjerset.

Idrettslag: Norborg IL

Riksveg 659 kjem austfrå til kryss på Slyngstad der den svingar nordover mot Brattvåg. Fv146 held fram frå Slyngstad utover langs stranda til Hamnsund og vidare til Søvika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]