Grytten kraftverk

Koordinatar: 62°30′7.9704″N 7°46′18.160″E / 62.502214000°N 7.77171111°E / 62.502214000; 7.77171111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°30′7.9704″N 7°46′18.160″E / 62.502214000°N 7.77171111°E / 62.502214000; 7.77171111

Grytten kraftverk
Foto: PeltonMan

Grytten kraftverk er eit vasskraftverk i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Kraftstasjonen ligg ved foten av fjellet Romsdalshorn.

Utbygginga av kraftverket er ei av dei meir kontroversielle vasskraftutbyggingane vi har hatt i Noreg. Sivil ulydnad var mellom tiltaka som vart nytta i forsøk på å stanse utbygginga.

Kraftverket hentar vatn frå Mardalsfossen, eit av Noregs høgaste fossefall og vassføringa i fossen er etter reguleringa svært avgrensa sjølv om det er krav til minstevassføring. I praksis renn det berre vatn i fossen i juli månad. I tillegg er Mongefossen, eit av dei 15 høgaste fossefalla i verda, i store periodar tørrlagt.

Kraftverket hentar vatn frå Olaskardsvatnet, Fetjåvatnet, Mongevatnet via Monge pumpestasjon, Grøttavatnet, Rangavatnet, Nedre Mardalsvatnet via Mardal pumpestasjon og Fossafjelltjødna.

Grøttavatnet er regulert mellom 980 og 930 moh.

Delar av nedslagsområdet ligg i Nesset kommune og vatnet blir overført frå Eikesdalsvassdraget til kraftverket som igjen slepp det ut i Rauma.

I 1986 vart det oppdaga av Statkraft slapp ut mindre vatn til Mardalsfossen enn konsesjonsvilkåra tilsa og Stortinget gav Nesset kommune ei erstatning på 15 millionar kroner for feilen.1

Kraftverket har totalt ein midlare årsproduksjon på 585 GWh. Det er installert ein peltonturbin på 149 MW og verket er eigd av Statkraft med 88% og Tafjord-kraft med 12 %. Kraftverket starta produksjonen i 1975.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]