Guantánamobukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guantánamo Bay med USA sitt marinebaseområde utheva

Guantánamobukta (spansk: Bahía de Guantánamo, òg kjend under det engelske namnet Guantánamo Bay) er ei skjerma vik i provinsen Guantánamo på den sør-austre kysten av Cuba i Det karibiske havet, om lag 13 km sør for byen Guantánamo. Det er den største hamna på sørsida av øya.

Ein del av området er kontrollert av Dei amerikanske sambandsstatane, som har marinebasen «Guantanamo Bay Naval Station» der. Her oppretta Sambandsstatane i 2001 ein fangeleir der dei held fangar tekne under krigane i Afghanistan og Irak og folk dei mistenkjer for å vera terroristar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]