Guarenas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Guarenas er ein by delstaten Miranda i Venezuela med ca 185 000 innbyggjarar (2006). Byen vart skipa i 1621 som Nuestra Señora de Copacabana de los Guarenas. Byen er kjent i samband med Caracazo, opprøret som utvikla seg den 27. februar 1989 først som ein morgonprotest i Guarenas mot dei siste aukingane i bussbillettprisane i landet og som raskt spreidde seg til Caracas, hovudstaden Venezuela, og utvikla seg til opptøyar over fleire dagar, seinare kalla Caracazo. I dag er Guarenas i praksis vakse saman med nabobyen Guatire.

Kraftstasjonen Curupao som vart opna i 1933, syter framleis for elektrisitet til Guarenas og Guatire.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Venezuela-geo-stub