Gud er attåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Gud er attåt" er eit munnhell som skriv seg frå Grunnlovstida i 1814. Orda vart hogne inn på Sverdrupstøtta til minne om Stormannsmøtet på Eidsvoll den 16. februar 1814. Sjølve frasen kom frå ein skysskar som førte Georg Sverdrup til Eidsvoll verk den dagen. Ordlegginga "kom hau at Gud er attåt" skriv seg frå romeriksmålet som skysskaren nytta. Kjeldene har ikkje gjeve att talemålet hans utom i denne eine setninga.

Henrik Wergeland gav att samtala i sitt verk om den norske grunnlova:

Skysskaren: "Er du og ein av dei som er kalla opp til Eidsvoll Verk for å rådslå med prinsen?"
Sverdrup: "Ja, det er eg; men kva meiner du om å bli svensk no?"
Skysskaren: "Det har eg heller dårlege meiningar om. Det bør du ikkje rå prinsen til. Før den tid let vi alle kvinnfolk og born heime, og sender alle karfolk til grensa."
Sverdrup: "men ikkje så gamle folk som deg?"
Skysskaren: "Åjau, eg får nok følgje med. Men kva de så gjer og rår prinsen til, kom hau at Gud er attåt!"

Halvdan Koht gjev att samtala slik:

"Eg tenkjer nok dei skal rådslå med prinsen korleis dei skal gje Noreg over til Sverige; om du skal vera med i det laget, så lyt du for Guds skuld aldri gje røysta di til at Noreg vert overgjeven Sverige; Eg vil gje livet mitt, og liva til mine næraste, og alt for ikkje å sjå den dagen då Noreg vert lagt under Sverige. Men kva du så seier eller gjer, lyt du hugse at Gud er attåt".

Georg Sverdrup heldt sidan denne samtala i minne. I følgje Wergeland var det denne setninga som stod i øyra på han då han gjekk i rette med Christian Frederik og minte han på at prinsen ikkje hadde meir rett enn han sjølv til å ta kongemakt i Noreg ("Til det har De ikkje meir rett enn eg!") og overtydde han om at folkesuverenitetsprinsippet laut styre den vidare utviklinga.

Seinare referansar[endre | endre wikiteksten]

Bjørnstjerne Bjørnson viser truleg til denne hendinga i nestsiste strofa av Nasjonalsongen Ja, vi elsker:

Alt hva fedrene har kjempet,
mødrene har grett
har den herre stille lempet
så vi vant vår rett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]