Gud hald oss uppe ved ditt ord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erhalt uns, Herr, bei deinem Wort
Song av Martin Luther

Utgjeve 1541; 482 år sidan (1541)

Gud hald oss uppe ved ditt Ord er Elias Blix si omsetjing av Luther-salmen Erholt uns, Herr, bei deinem wort, som første gong vart trykt i 1542. Salmen finst i dansk eller norsk omsetjing i mange norske salmebøker.

Luther-salmen[endre | endre wikiteksten]

Luther er kjent i trykk frå 1542, men Luther nemner salmen alt i 1541, i ei formaning om bøn mot tyrkarane. Då salmen vart skriven, hadde den tyrkiske sultanen Suleiman teke halvparten av Ungarn i 1541, og kurfyrsten av Sachsen oppmoda prestane til bøn mot fienden. Samstundes gjekk det rykter om at paven hadde alliert seg med den franske kongen og den tyrkiske sultanen. Luther såg svært mørkt på situasjonen, som han meinte var Guds dom over gudløysa i kyrkja. No kunne ikkje våpna berge oss lenger, meinte han. Det einaste som kunne hjelpe i denne nauda, var barnebøna. Dei små barna var enno ikkje delaktige i det store fråfallet.

Luther gav salmen undertittelen «ein Kinderlied zu singen wider die zween Erzfeinde, Christi und seiner heiligen Kirche, den papst und Türken» (ein barnesong å syngje mot dei to erkefiendane til Kristus og den heilage kyrkja: paven og tyrkarane).

Salmen hadde tre vers. Første verset lydde (etter Wackernagel 1856):

ERhalt uns, Herr, bei deinem wort,
und steur des papsts und türken mord,
Die Jesum Christum deinem Son
wollten stürtzen von deinem tron.

katolsk hald vart teksten teken svært ille opp, spesielt den andre lina i første verset, og i 1548 vart det i Strassburg under trusel om dødsstraff forbode å syngje salmen. Tilsvarande forbod vart vedtekne i fyrstedømmet Oels i 1662 og i Schlesien i 1713.

Salmen kom sidan ut i fleire variantar, ofte tillagt nye vers. Seinare vart han også omskriven slik at han fekk mindre preg av å vere ein krigssalme mot islam og Den katolske kyrkja. Denne omskrivinga vekte likevel mange gonger strid. I moderne tyske salmebøker er andrelina endra til «Und steure deiner Feinde Mord!». Ved framføring av Bachs kantate over salmen, har nokre valt skifte ut den omstridde lina med andre formuleringar.[1]

Salmen i danske og norske salmebøker[endre | endre wikiteksten]

I Den danske Psalmebog (Thomissøn 1569) kom salmen ut i dansk omsetjing. I tillegg til dei tre originale versa, tok omsetjinga med to vers av Justus Jonas, skrivne i 1545. Slik vart salmen også trykt i Kingos salmebok, der første verset lyder:

Behold os, Herre! ved dit Ord
Og styr Pavens og Tyrkens Mord,
Som Jesum Christ, vor Frelsermand,
Ville styrte fra din høire haand!

I 1855 lagde M.B. Landstad ei ny omsetjing av salmen. Han endra den omstridde andrelina i førsteverset, slik at han ikkje held fram paven og tyrkarane som fiendar av kyrkja. I Landstads kirkesalmebog lyder førsteverset slik:

Hold oppe, Gud, hos os dit Ord
Lad det faa Overmagt paa Jord,
Mod dem, som Krist, sin Søn, vaar Sol,
Vil støde fra din Kongestol!

I Nokre salmar trykte Blix ei ny omsetjing av salmen. Som Landstad tok han utgangspunkt i dei tre versa Luther hadde skrive:

Gud, hald oss uppe ved ditt Ord
Og giv det Yvermakt paa Jord,
Mot deim, som Jesus Krist, vaar Sol,
Vil støyta fraa hans Kongestol!

I Nynorsk salmebok er Blix-teksten trykt som nr 9 («Gud haldt oss uppe ved dit ord»). I Norsk salmebok (1985) er salmen trykt på bokmål på nr 545: («Gud hold oss oppe ved dit ord»).

Salmen vert ikkje lenger sungen som innlegg i striden mellom religionane. Det vert illustrert ved at han i 2000 også vart teken inn i den katolske salmeboka Lov Herren. Her har han nr 670/671 og er trykt etter Landstad: «Hold oppe, Gud, hos oss dit ord».

Tonen[endre | endre wikiteksten]

Melodi (midi-fil)

Den mest brukte tonen byggjer på ein melodi frå Einsiedeln frå omkring 1120, omarbeidd av Luther og trykt hos Joseph Klug i 1543. I den katolkse salmeboka har han også ein alternativ melodi frå Augsburg 1666.

Tonen finst elles tillempa i norske folketonar.

Johann Sebastian Bach komponerte i 1725 ein kyrkjeleg kantate, BWV 126, over Erhalt uns, Herr, bei deinem Wort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar