Gud signe maten på vårt bord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Gud signe maten på vårt bord» er eit bordvers skrive av Bernt Støylen. I Norsk salmebok 2013 står songen på nr. 764.

Støylen skreiv den første versjonen av songen i Aker i 1905, mens han var styrar for det paraktisk-teologiske seminar i Kristiania. Det er peikt på[1] at verset i denne utforminga har mange trekk til felles med verset «Velsign vårt hus, velsign vårt bord», skrive av Jørgen Victor Bloch i 1847, og at det verset kan ligge til grunn for salmen:

J. Victor Bloch sin salme
(tekst frå Landstads reviderte salmebok)


Velsign vårt hus, velsign vårt bord,
Velsign vår sjel med livets ord!
Velsign oss med din milde hånd,
Gud Fader, Sønn og Hellig Ånd!

Støylen sin salmetekst
(første verset)


Gud signe maten paa vaart bord,
og mett kvar svolten munn paa jord!
Velsigne oss med allmagts hand,
Gud Fader, Son og Heilag-and!

Støylen omarbeidde teksten fleire gonger. I Lesebok for folkeskulen av Nordahl Rolfsen, lyder dei to siste linene «Gud signe oss på sjø og land, og verje oss med veldug hand!». I si Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte lyder sistelinene «Gud signe med di allmagtshand / vaar kjære heim, vaart folk og land!»

I Landstads reviderte salmebok (1924) og Nynorsk salmebok (1925) står songen slik (i førsteutgåva av Nynorsk salmebok rett nok med «aa» for «å». I tillegg er det tatt inn eit takkevers til å synge etter måltidet, det er skrive av Johannes Barstad (1906).

Fyre maten (tekst: Bernt Støylen)

Gud signe maten på vårt bord,
og mette kvar ein munn på jord!
Gud signe oss med fader-hand,
Gud signe heim og folk og land!

Etter maten (tekst: Johs. Barstad)

I Jesu namn til Bords me sat,
og fekk av Herrens hand vår mat.
Til gagn for lekam og for sjel,
Gud late oss det njota vel!


Melodi[endre | endre wikiteksten]

I salmebøkene er det vist til tonen «O, Herre Krist, dig til oss vend», ein tone frå Gocksheim 1628 / Görlitz 1648. Varianten som vart bruka i salmebøkene frå 1920-talet har jamne firedelsnotar, mens salmen i Norsk salmebok har vekslar mellom to- og firedels noteverdi. Versemålet høver òg på melodien til «Gjer døri høg», tonen som vert bruka til «I Jesu navn går vi til bords», og denne tonen er mange stader i Noreg vanleg også til denne songen.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]