Gudaf Tsegay
Gudaf Tsegay Desta (fødd 23. januar 1997) er ein etiopisk friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 5000 meter ved VM i friidrett 2022, i den same meisterskapen vann ho sølvmedaljen på 1500 meter. Ho tok bronsen på 1500 m ved VM i friidrett 2019 og på 5000 m under Sommar-OL i 2021. Tsegay sin personlege rekord på 1500 m er 3.54,0, på 5000 m er bestetida 14.13,3, begge rekordane er frå 2021-sesongen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gudaf Tsegay» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2022.