Hopp til innhald

Gudbrand Tandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudbrand Tandberg
Fødd24. mai 1903
Nesbyen kommune, Nes kommune
Død2. juni 1949 (46 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, forstmann
FarBernhard Tandberg
Alle verv

Gudbrand Bernhardsen Tandberg (24. mai 1903–2. juni 1949) var ein norsk gardbrukar, skogeigar og politikar frå Nes i Buskerud. Han representerte valkrinsen Buskerud og partiet Høgre i Stortinget frå 1945 til han døydde. Bernhard Tandberg var far hans.

Gudbrand Tandberg gjekk både gymnas, handelsskule, vinterlandbruksskule og skogskule. I 1926 kjøpte han den store skoggarden Jørgenmoen i Nes. Han engasjerte seg for skogbruket og var ei tid nestformann i Buskerud skogselskap. I samarbeid med Norges Skogeierforbund var han ein pådrivar for å få innført ein investeringsavgift for skogstell, ein forløpar til skogfondordninga.

Tandberg kom med i kommunepolitikken i Nes før i 1930-åra og fekk plass i formannskapet. I 1945 vart han vald inn på Stortinget, som representant for Buskerud samlingsparti i listeforbund med Bondepartiet. På Tinget var han medlem i Skog- og vassdragskomitéen. Saman med Alv Kjøs og Sverre Hope var han ein av dei tre fremste talsmennene for landbruket i partiet si stortingsgruppe.

Før Stortinget avslutta vårsesjonen i 1949, døydde Gudbrand Tandberg på Rikshospitalet i Oslo.

  • «Gudbrand Tandberg». Stortinget.no.