Gudbrand Trulsson Kjekstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudbrand Trulsson Kjekstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juli 1804
Norderhov
Død

22. mai 1872 (67 år)
Røyken

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Gudbrand Trulsson Kjekstad (22. juli 180422. mai 1872) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.

Kjekstad var frå storgarden Hønen i Norderhov. Attåt allmugeskulen fekk han privatundervisning av klokkkaren, seinare gjekk han på pensjonatskule hos soknepresten i Norderhov. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe var mellom skulekameratane hans. Han var gardbrukar på garden Frog i heimbygda, men gifta seg i 1837 til garden Kjekstad i Røyken og flytta dit. Han vart omtala som ein særleg interessert bonde, sådde kløver og timotei og dreiv med vatning av engene. På garden bygde han mylne, sagbruk og tjørebrenneri.

Kjekstad var ordførar i Røyken i mange år, og var forlikskommissær fram til 1868. Han representerte Buskeruds amtStortinget i 1845 og 1848. Fyrste gongen var han medlem av justiskomite nr 2, siste gongen konstitusjonskomiteen.

Han døydde på garden sin i Røyken i 1872.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]