Gudbrandsdølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om slåtten. For avisa, sjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Gudbrandsdølen eller Gyllar-Jørn er ein slått som hovudsakleg har vore spela i Telemark. Slåtten går i tidssignaturen 6/8, og er i tradisjon etter Håvard Gibøen som for det meste funne i Dale-spelet etter han.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet Gyllar-Jørn er etter ein sylvsmed frå Gudbrandsdalen som forsikring i Telemark og forgylte søljer for folk. Det skriv seg frå eit slengjestev:

Kjenner du rett til han Gudbrandsdølen
Åt opp maten og drakk opp ølet,
Låg med jenta på bakstefjøle (Rauland).

eller:

Gudbrandsdølen, gudbrandsdølen,
sala hesten og ridde på stølen
Gudbrandsdølen, gudbrandsdølen,
Ville gifte seg, ikkje tør`n.
Gudbrandsdølen, gudbrandsdølen,
åt upp dravlen og drakk upp ølet (Tinn).

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten er katalogisert som nr 110 i band I av hardingfeleverket. Tre variantar er frå Vest i Telemark, og fire frå aust. Lars Hovden kunne to variantar av slåtten, og Johannes og Gunnar Dale spela begge i tradisjon etter bestefaren Knut Dale. Både Dale og Hovden har slåtten etter Håvard Gibøen. Slåtten var og nytta av Svein Løndal og Eilev Smedal.

  • f: Gudbrandsdølen, etter Mattis M. Kleppen, Sauland [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter minne (G 614c). Groven lærte slåtten alt i 1920, men skreiv han ikkje opp før 1955. Kleppen byrjar ulikt dei andre formene, som for det meste byrjar nede på tersen.

Supplementsform[endre | endre wikiteksten]

Nr 166: Knebukseslåtten, etter Kjetil Løndal, Tuddal. Nedskrift Eivind Groven 1970 (G 1895). Slåtten er i form etter Ole Kolsrud frå Heddal, og Løndal lærte han av Anund Haugan frå Heddal.