Gudbrandsdølen Dagningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudbrandsdølen Dagningen
LandNoreg
TypeAvis
Grunnlagd1990
SpråkBokmål

Gudbrandsdølen Dagningen (GD) er ei avis som blir gjeven ut på Lillehammer i Oppland. Gudbrandsdølen Dagningen er den einaste dagsavisa i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Ansvarleg redaktør og dagleg leiar er Tom Martin Kj. Hartviksen.[1]

Avisa dekker følgjande kommuner: nordre del av Ringsaker, Lillehammer, Gausdal, Øyer, Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel, Vågå, Lom, Skjåk, Dovre og Lesja.

Avisa er eit resultat av samanslåinga av Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer (GLT) og Dagningen. Den fyrste avisa etter samanslåinga vart utgjeven den 15. august 1997. Lillehammer Tilskuer vart grunnlagd i 1837, Gudbrandsdølen i 1894 og Dagningen i 1924.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 28 848
2001 28 381
2002 28 222
2003 28 003
2004 27 563
2005 27 526
2006 27 272
2007 26 723
2008 26 458
2009 25 681
2010 24 842
2014 22 443

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gudbrandsdølen Dagningen», Gudbrandsdølen Dagningen (på norsk), henta 2. januar 2024 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]