Guden Apis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apis avbilda på ei egyptisk kiste frå det tjueførste dynastiet, ca. 1000 f.Kr.

Apis var ein gud i egyptisk mytologi med form som ein okse eller oksehovud. Han var særleg viktig i Memfis seint i det gamle Egypt, der ein levande okse blei tilbeden som han i tempelet til Ptah. Daude Apis-oksar blei balsamerte og gravlagde. Dyretilbedinga fortsette under seinare styre som persarane og særleg ptolemearane. Ho tok slutt under romarane rundt 400-talet.

Apis med oksehovud.
Apis
med hieroglyfar
V28Aa5
Q3
E1
(oftast)
Aa5
Q3

G39

Aa5
Q3
G43

egyptisk hp, koptisk Hap

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Apis blei ofte framstilt som ein okse, nokre gonger med ein soldisk mellom horna. Han kunne også visast som eit menneske med oksehovud.

Etterkvart blei inkarnasjonen av Apis i ein levande okse stadig viktigare. Denne oksen skulle vera svart med visse kvite merke: Ein trikant i pannen, ei gribbevenge på ryggen og ein halvmåne på høgre side. Vidare skulle ein finna eit skarabémerke under tunga og doble hår i halen.

Dyrking av Apis[endre | endre wikiteksten]

Funnet av ein ny Apis-okse blei feira over heile landet. Når ein Apis-okse døydde blei derimot hendinga markert med sorg og faste og seremoniar som varte i 70 dagar. Etter balsamering blei døde Apis-oksar bisette i Serapeion, no Saqqara, utanfor Memfis. Denne staden blei utgraven i 1851 av den franske egyptologen Auguste Mariette. Dei store oksesarkofagane med opplysingar om fødselen og døden til dyra bidrog mykje til tidfestinga av gammal egyptisk historie.

Under ptolemearane blei Oserhap (Apis-Osiris) identifisert med guden Serapis i Sinope som fekk heilagdommen Serapeion i Alexandria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Apis - religion» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Guden Apis