Guden Ull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ull med bogen sin. Illustrasjon frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Ull (norrønt Ullr) er ein norrøn gud. I følgje den norrøne mytologien son til Siv frå føre giftarmålet hennar med Tor. Ull er difor steson til Tor. Far hans kan ha vore bogeskyttaren og smeden Egil Orvandill (Aurvandil). Urnordisk namneform må ha vore *Wulþuzwulþus tyder på gotisk «ære, herlegdom».

Ull har etter Snorre tilnamna skigud, bogegud, jaktgud og skjoldgud. Tilnamnet ǫnduráss er tolka som «skigud» etter stuttskia andor, men kan etter Ottar Grønvik au tolkast som 'prosesjonsgud'. Ull vert då knytt til andre prosesjonsgudar som Frøy og Nerthus (*Nerþuz), jamfør au Skade som har tilnamnet ǫndurdís. Ut frå ymtane om Ull trur ein han var ein særs viktig gud i «førodinsk» tid.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.