Gudenå

Koordinatar: 56°10′32.725″N 9°36′56.822″E / 56.17575694°N 9.61578389°E / 56.17575694; 9.61578389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°10′32.725″N 9°36′56.822″E / 56.17575694°N 9.61578389°E / 56.17575694; 9.61578389

Gudenå
elv
Gudenå nær Smingesjøen
Land  Danmark
Lengd 160 km
Middelvassføring 36,6 /s
Kjelde Tinnet Krat
 - høgd 65 moh.
Munning Randers fjord
Kart
Gudenå
56°29′00″N 10°13′00″E / 56.483333333333°N 10.216666666667°E / 56.483333333333; 10.216666666667
Wikimedia Commons: Gudenå

Gudenå, òg kalla Gudenåen, er ei elv på Jylland, og den lengste elva i Danmark. Ho renn 160 km frå Tinnet Krat i ei høgd av 65 meter over havet, mellom Nørre Snede og Tørring-Uldum, og munnar ut i Randers fjord. Ho renn gjennom dei tidlegare fylka Vejle, Århus og Viborg, som no er vorte Region Midtjylland og Region Syddanmark. Elva renn òg mellom anna gjennom vatna og innsjøane Sminge Sø, Silkeborg Langsø, Brassø, Borre Sø, Julsø, Biksø, Rye Mølle Sø, Gudensø, Mossø, Vestblik Sø og Naldal Sø.

Nedslagsfeltet for Gudenå

Danmarks største vasskraftverk, Gudenaacentralen, ligg i elveløpet der fallet er størst på heile elvestrekninga, 10,50 meter, nedanfor Tange sø. Dette er ein kunstig innsjø bygd som magasin for kraftverket, og er den største kunstige innsjøen i Danmark.

Kraftverket vart sett i drift i 1921. Det tok knekken på fleire av dei viktigaste gyteplassane for laks i Gudenåen, og sperra dessutan for vandringane opp til gyteplassane høgare opp i vassdraget. Tidlegare hadde vassdraget vore ei god lakseelv.

Gudenå vart danna for 15 000 år sidan under den siste istid, då is og brestraumar grov ut elveleiet hennar. Ho inneheld mange dyreartar og er ein viktig del av dansk kultur. Mange funn frå forhistorisk tid er gjort langsetter elveløpet.