Gudmund Balvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudmund Balvoll
Fødd1934
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, skribent
Alma materNoregs miljø- og biovitskaplege universitet

Gudmund Balvoll (fødd 1934) er ein norsk professor i hagebruk, historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, og busett i Tønsberg. Balvoll vart dr. scient. ved Norges Landbrukshøgskole 1969, han var fylkesgartnar i Buskerud og Vestfold 1970-1986, informasjonssjef i Plantevern-Kjemi 1986-1989 og professor ved Institutt for plantefag ved NLH 1990-1999.

Han har gjeve ut ei rad lærebøker i yrkeshagebruk - om grønsakdyrking på friland, gjødsling, lagring av grønsaker m.m.

Som historikar har Balvoll mellom anna gjeve ut kommentarutgåver av eldre bøker i hagebruk: Kommentarutgåve 1994 av Horticultura frå 1694, kommentarutgåve 1995 av Norsk Frukt og Urtehagebok frå 1765.

I 1996 gav han ut biografien om hagebrukspionéren Apollonius Liljedahl, og i 2001 Jordbruket i Vik fram til 1950. Han har også gitt ut gards- og ættesoge for Vik kommune.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]