Gudmund Grytøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudmund Grytøyr
Fødd15. juli 1920
Død21. juli 2001 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1977–1981)
  • vararepresentant til Stortinget (1958–1961)
  • vararepresentant til Stortinget (1961–1965)
  • vararepresentant til Stortinget (1965–1969)
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977) Sjå dette på Wikidata

Gudmund Grytøyr (15. juli 192021. juli 2001) var ein norsk bonde og Arbeidarparti-politikar, fødd i Sør-Varanger og busett i Leinesfjord.

Grytøyr var son til ein ferjeskipper og postopnar. Sjølv arbeidde han som sjømann frå 1937 til -42, 1945-46 som kontorist i Sør-Varanger kommune, 1947-48 industriarbeidar ved NEBB i Oslo og 1949-50 som kombinert skogs- og landarbeidar. I 1951 skaffa han seg ein gard i Leinesfjord i dåverande Leiranger kommune, der han budde resten av livet. Han var formann i fylkeslandbruksstyret i Nordland åra 1960-68 og 1974-80.

Grytøyr var medlem av kommunestyret i Leiranger frå 1955 til kommunen vart slått saman med Steigen i 1964, vidare medlem av kommunestyret til 1971, og i perioden 1975-79. Som andre vararepresentant på Stortinget for Nordland fylke og Arbeidarpartiet valbolken 1973–77 møtte han fleire gongar på tinget. Perioden 1977-81 hadde han fast sete på Stortinget, medlem av Sjøfarts- og fiskerikomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi