Gudrun Ensslin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fellesgrava til Gudrun Ensslin, Andreas Baader og Jan Carl Raspe på Dornhaldenfriedhof i Stuttgart

Gudrun Ensslin, (15. august 194018. oktober 1977) frå Bartholomä, Baden-Württemberg, Tyskland, i Stuttgart, Baden-Württemberg, var venstreekstremistisk terrorist, og vert rekna som ei av dei som grunnla Rote Armee Fraktion, også kjend som Baader Meinhof-gruppa.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Gudrun Ensslin voks opp i Bartholomä der faren Helmut Ensslin var prest. Ho var rekna som ei snill og god jente, som gjorde det godt på skulen og likte å lese i Bibelen. I familien diskuterte ein ofte samfunnsspørsmål, og Gudrun Ensslin skal tidleg ha vore oppteken av sosial utrettferd i Tyskland og verda elles. Atten år gamal hadde ho eit skuleopphald i Pennsylvania i USA.

Frå 1960 til 1963 studerte Ensslin engelsk, germanistikk og pedagogikk i Tübingen, og tok lærareksamen. I 1964 tok ho studiar i Berlin.

Medan ho var student, grunnla ho eit lite forlag i lag med Bernward Vesper, som ho gifte seg med i 1965. Dei fekk ein son, Felix, før Ensslin i 1968 forlet Vesper og flytte i lag med kjærasten Andreas Baader til Frankfurt am Main

Politisk aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Gudrun Ensslin var aktiv i studentdemonstrasjonane i Berlin den 2. juni 1967 då pasifisten Benno Ohnesorg vart skoten til døde av politiet. Denne hendinga gjorde eit sterkt inntrykk på henne, og ho engasjerte seg i fleire politiske aksjonar.

Terrorisme[endre | endre wikiteksten]

I 1968 freista Ensslin og bl.a. Andreas Baader å brenne ned to varehus i Frankfurt, og vart dømde til tre års fengsel. Dei vart sette fri i samband med ein anke, men då anken vart avvist, hadde Ensslin og Baader rømt til utlandet. Då Baader seinare vart arrestert, klarte Gudrun Ensslin å overtale Ulrike Meinhof om å vere med på å frigjere han i mai 1970. Etter frigjeringa av Baader var Rote Armee Fraktion skipa med Ensslin og Baader som leiarar.

I lag med andre i RAF var ho med på ein palestinsk leir i Jordan for å få våpenopplæring. Etter tilbakevendinga til Tyskland kom der fleire bankran og aksjonar med bruk av sprengstoff mot politiske og militære mål. Gudrun Ensslin var leiande i planlegginga og gjennomføringa av rana og aksjonane.

Arrestasjon[endre | endre wikiteksten]

Den 7. juni 1972 vart Gudrun Ensslin arrestert i Hamburg. Etter ei langvarig rettssak vart ho 28. april 1977 dømd til livsvarig fengsel for fire mord og mange mordforsøk.

Til liks Baader gjorde ho natt til 18. oktober 1977 sjølvmord på cella si i Stammheim-fengslet i Stuttgart. Ein tredje RAF-medle, Jan Carl Raspe, var såra av sjølvmordsforsøk, og døydde seinare på sjukehus. Sympatisørar av RAF har hevda at Ensslin, Baader, Raspe og Ulrike Meinhof ikkje døydde av sjølvmord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tysk wikipedia
  • Aust, Stefan, Baader-Meinhof: sju år som förändrade Förbundsrepubliken. Stockholm: Symposion 1990.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kapellen, Michael, Doppelt Leben: Bernward Vesper und Gudrun Ensslin; die Tübinger Jahre. Tübingen: Klöpfer und Meyer 2005. ISBN 3-937667-65-2
  • Koenen, Gerd, Vesper, Ensslin, Baader: Urszenen des deutschen Terrorismus. Köln: Kiepenheuer und Witsch 2003. ISBN 3-462-03313-1
  • Weidenhammer, Karl-Heinz, Selbstmord oder Mord?: das Todesermittlungsverfahren: Baader, Ensslin, Raspe. Kiel: Neuer Malik Verlag 1988. ISBN 3-89029-033-7
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gudrun Ensslin