Gudrun Kløve Juuhl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudrun Kløve Juuhl
Fødd 26. januar 1979
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Periode 2002-2003
Føregangar Astrid Sverresdotter Dypvik
Etterfylgjar Fredrik Gustavsen

Gudrun Kløve Juuhl (fødd 26. januar 1979) er ei norsk organisasjonskvinne og akademikar. Ho kjem frå Arna utanfor Bergen.

Juuhl var leiar av Norsk Målungdom frå 2002 til 2003. Frå 2006 til 2007 var ho kvinnepolitisk ansvarleg i arbeidsutvalet i Raud Valallianse. Ho er òg aktiv i kvinnegruppa Ottar.

Juuhl har mastergrad i nordisk frå Universitetet i Oslo og var frå 2008 til 2012 doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Vestfold. Sidan 2012 har ho arbeidd ved Nynorsksenteret i Volda.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]