Gudstenestebok for Den norske kyrkja
Utsjånad
Gudstenestebok for Den norske kyrkja er ei altarbok med rettleiing og liturgiar for ulike kyrkjelege handlingar. Gudstenesteboka er autorisert for Den norske kyrkja ved kongelege resolusjonar av 1977 og 1990, og vedtak i Kyrkjemøtet 1986 og 1991. Gudstenesteboka finst i autoriserte utgåver både på bokmål ognynorsk.
Gudstenesteboka har to delar:
Del I Gudstenester har fire kapittel:
- Ei rettleiing til liturgen, det vil seie den forrettande presten, om gjennomføring av kyrkjelege handlingar
- Liturgiar for høgmesse, familiegudsteneste, forenkla høgmesse, preikegudsteneste og gudstenester i konfirmasjonstida.
- Andre gudstenester bundne av kyrkjeåret.
- Andre gudstenester ubundne av kyrkjeåret, som forbønsgudstenste, skriftemål, morgonsong, aftansong, kveldsbøn, skulegudsteneste m.v.
Del II Kyrkjelege handlingar har liturgiar for dåp, konfirmasjon, skriftemål, gudstenester i heim og institusjon, gravferd, vigsel og vigsling av kyrkje.
Kyrkjemøtet har sidan revidert liturgiane. Ny liturgi for vigsel kom i 2003, ny gravferdsliturgi i 2004 og nye gudstenesteliturgiar i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2
- Gudstenestebok for Den norske kyrkja del II Kyrkjelge handlingar ISBN 82-543-0509-9