Gudvangatunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°55′15″N 6°57′7″E

Gudvangatunnelen
Veg E16 (Sogn og Fjordane)
Lengd 11 428
Trafikk 1 995 (2014)[1]
Opna 1991
Koordinatar 60°53′13″N 06°57′33″E

Gudvangatunnelen er 11 406 meter lang og går mellom Langhuso i Undredalen og Ramsøy ved Gudvangen i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Han er ein del av E16. Saman med Flenjatunnelen og Lærdalstunnelen gjev han ferjefritt samband mellom Bergen og Oslo. Før tunnelane vart bygde gjekk sambandet mellom Voss og Lærdal med ferje mellom Gudvangen og Lærdalsøyri.

Tunnelen vart opna 17. desember 1991 og var då den lengste i Noreg. No er han den nest lengste, etter at Lærdalstunnelen på 24 509 meter opna i 2000.

Brannar[endre | endre wikiteksten]

Ved brann i tunnelen er viftene sette til å automatisk blåse ut mot Gudvangen.[2] Dette for å gje brannvernstyrkane, som vil kome fyrst frå austsida (sidan brannvernet i Aurland har tilhald på Aurlandsvangen), best mogleg tilhøve.

Brann i 2013[endre | endre wikiteksten]

Eit vogntog tok fyr inne i tunnelen kring klokka 12 den 5. august 2013.[2][3][4] Sjølve brannen var sløkt innan ein time, men røyken skapte særs vanskelege tilhøve i tunnelen, og fleire bilar køyrde inn i andre bilar eller tunnelveggen då folk skulle berge seg ut. Ingen kom likevel til skade på grunn av elden eller trafikkulukkene, men mange vart førte til sjukehus med røykskadar. Over 70 personar vart sende til sjukehusa i området.[2] Brannvernsjefen i Aurland sa at det berre var takk vere rein flaks og dyktigheit at ingen omkom i brannen.[2]

Brann i 2015[endre | endre wikiteksten]

Den 11. august 2015 tok det til å brenne i ein svensk turistbuss i tunnelen. 37 personar vart evakuert, og av dei var fire alvorleg skadde.[5] Gudvangatunnelen fekk store skader ved brannen og vart stengd i fleire veker for reparasjon.[6] Anbefalt omkøyring for strekka Bergen–Oslo var Rv 7, og for Bergen–Sogndal Rv 13/Rv 55 for personbilar og E39/Fv/Rv 55 for lastebilar. Tunnelen var stengd til 31. august 2015 for reparasjonsarbeid.[7]

Brann i 2019[endre | endre wikiteksten]

Natt til 30. mars 2019 oppstod ein ny brann. Grunna pågåande vedlikehaldsarbeid var det kolonnekøyring i tunnelen. Ein kolonne med fire vogntog på veg austover frå Gudvangen-sida var halvannen kilometer inne i tunnelen då det byrja å brenne i eit av vogntoga. Fylgjebilen fekk varsla redningssentralen, og sjåføren organiserte evakuering av 32 personar som var i tunnelen. Tunneltaket fekk store skader og tunnelen vart stengd på ubestemt tid.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ÅDT nivå1-punkt Sogn og Fjordane» (PDF). Statens vegvesen. 2015. Henta 1. mars 2015. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Rune Stølås, Rune Christophersen, Liv Solli Okkenhaug, Ole Valaker, Arne Hofseth, Gerhard Flaaten og Hanna Sommerstad (5. august 2013). «73 til sykehus etter tunnelbrann». bt.no. Henta 5. august 2013. 
  3. Kjell Arvid Stølen, Tone Lin Støfring, Rune Fossum og Marie Stafsnes Osland (5. august 2013). «Trailer i full fyr i tunnel:– Minst 20 personar redda ut». nettstaden til NRK Sogn og Fjordane. Henta 5. august 2013. 
  4. Mariann Skau og Arne Veum (5. august 2013). «75 evakuerte etter brannen». nettstaden til Sogn Avis. Henta 5. august 2013. 
  5. «Fire personar alvorleg skadde etter brannen», frå nrk.no 11. august 2015
  6. «Tusenvis av reisande blir råka av tunnelbrannen», frå nrk.no 11. august 2015
  7. Gudvangatunnelen åpnet natt til mandag
  8. «Vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen – fire til sykehus». www.vg.no (norsk). 30. mars 2019. Henta 30. mars 2019.