Guggedalsloftet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guggedalsloftet i tunet på Kolbeinstveit

Guggedalsloftet er eit loft/stabbur frå mellomalderen som stod på garden Guggedal i Bråtveit ved Suldalsvatnet i Suldal kommune. Loftet vart på 1930-talet flytta til eit område ved Mosvatnet i Stavanger. Der skulle det inngå i eit ryfylketun som skulle etablerast. På 1950-talet kom loftet attende til Suldal og vart plassert i tunetmuseumsgarden Kolbeinstveit. Loftet vart datert ved hjelp av dendrokronologi, og byggjeåret vart sett til 1281. I dag er loftet eigd av Ryfylkemuseet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]