Guide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein guide visar rundt på jarnverket Strömsbergs bruk i Tierps kommun i Sverige. Jarnverket vart skipa i 1643 av flamlendaren Welam Wervier (død 1654), og vart nedlagt i 1920.
Ein turistguide fortel om Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva til ei gruppe turistar ho har med på byvandring.

Guide (uttalt: «gaid») er ein kunnig person som viser publikum rundt i til dømes eit museum, i eit kunstgalleri, i historiske bygningar, i ein by eller på ein stad, og gjer greie for det som er verdt å sjå og gjere seg kjent med. Guidane kan vere fast tilsette på museet, galleriet og så bortetter, eller arbeide i firma som organiserer turistreiser, i lokale reiselivslag eller liknande private eller offentlege verksemder, eller arbeide som frilansarar som tek på seg oppdrag etter førespurnad. I mange land er det ofte krav til særleg utdanning og ein form for autorisasjon for å kunne arbeide profesjonelt som guide.

I fleire land kan det i mange høve vere forbode å vitje særskilte kulturminne utan at dette vert gjort i lag med ein guide som er knytt til staden. Då har guiden gjerne monopol på å gjere greie for det som er å sjå, og vil reagere om publikum har med seg sin eigne sakkunnige som meir eller mindre openlyst opptrer som konkurrent.

Guide-bøker[endre | endre wikiteksten]

Nemninga guide vert òg nytta om handbøker som er til hjelp for turistar og anna ferdafolk for å finne fram på ukjende stader og få opplysningar om det som er verd å sjå eller vitje der. Dei som mellom anna set pris på gode (og ofte dyre) restaurantopplevingar kan få hjelp av Guide Michelin (Michelin-guiden), og dei som vil sjå seg ikring i verda kan ha nytte av reiseguidar eller turistguidar (reisehandbøker) som til dømes den australske Lonely Planet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]