Guido Reni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guido Reni

Statsborgarskap Kyrkjestaten
Fødd 4. november 1575
Bologna
Død

18. august 1642 (66 år)
Bologna

Yrke kunstmålar, illustratør, teiknar, bygningstegner, raderer
Språk italiensk
Medlem av Accademia di San Luca
Guido Reni på Commons

Guido Reni (4. november 157518. august 1642) var ein italiensk målar under barokken. Han er særleg kjend som kolorist og teiknar, og vert rekna som den som fullenda den eklektiske klassisismen. Dei ofte melodramatiske framstillingane hans av motiv i eit så vidt spekter som Kristus, Lucretia og Kleopatra var svært ettertrakta i samtida.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Reni vart fødd inn i ei musikarfamilie i Calvenzano, i nærleiken av Bologna. Ni år gammal vart han sett i lære hos Denis Calvaert, der også Francesco Albani og Domenichino var lærlingar. Reni og Albani stod kvarandre nær, men dette endra seg til rivalitet alt ettersom dei voks opp. Før Reni fylte tjue, slutta han seg til det rivaliserande 'Accademia degli Incamminati', leia av Ludovico Carracci. Åra 1602-14 arbeidde han i Roma saman med Albani. Under pave Paul Vs tid fekk han stor merksemd og hadde høg prestisje.

Reni forlét Roma og reiste til Bologna etter ein reprimande frå kardinal Cristoval Rojas de Spinola under pave Urban VIII. I Bologna etablerte Reni ein omtala og produktiv målarskule. Han arbeidde sidan i Bologna, med unnatak for ei reise til Ravenna. Saman med tre lærlingar utsmykka Reni kapellet i katedralen med sitt berømte måleri «Israelittane samlar mammon».

Renis kanskje mest kjende verk er Aurora, ein 19-20 kvadratmeter stor freske laga til 'Casino Rospigliosi' i Roma. Fresken er frå 1612-14.

Aurora, 1612-14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]