Guildhall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Guildhall er ein bygning i City of London, like ved Bank og Monument undergrunnsstasjonar. I over 800 år har Guildhall tent som sete for bystyret i City of London, Corporation of London. Namnet kjem frå geld («penger»), fordi Guildhall var staden som kravde inn skattar og oppbevarte skattepengar.

Bygningen i dag er bygd over hvelva av ein tidlegare guildhall frå mellomalderen, som igjen var bygd på tuftene av eit romersk amfiteater - det største i Britannia. Den eldste delen av Guildhall i dag er steinbygningen frå 1411, som var det einaste som overlevde bybrannen i 1666. Ein omfattande restaurering og ombygging skjedde i 1866 ved arkitekten Horace Jones. Guildhall fekk store skadar under den tyske bombinga av London i desember 1940. I 1954 var bygningen slik den framstår i dag ferdig restaurert, ved arkitekten Giles Gilbert Scott.

I tidlegare tider blei Guildhall også brukt til rettssaker, og mange berømte engelskmenn fekk dommen sin her - blant anna diktaren Henry Howard, Gunpowder-konspiratøren Henry Garnet, samt Lady Jane Grey og ektemannen Lord Guildford Dudley.

På slutten av 1800-talet hadde den nye, folkevalde forsamlinga for Stor-London, London County Council, møta sine i Guildhall. Dette flytta i 1922 til County Hall. Guildhall blir i dag brukt mest i seremonielle samanhengar, etter at Corporation of London flytta kontora sine til moderne bygningar like ved. Den britiske litteraturprisen Booker-prisen blir delt ut i Guildhall. I 1990-åra opna Guildhall Art Gallery, og bygningen husar også Clockmakers' Museum og eit offentleg bibliotek som har spesialisert seg på litteratur og media om London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]