Guillaume François Antoine de L'Hospital

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guillaume François Antoine de L'Hospital

Fødd1661
Paris
Død2. februar 1704
Paris
NasjonalitetKongedømet Frankrike
Områdematematisk analyse
Yrkematematikar
InstitusjonarDet franske vitskapsakademiet
Alma materDet franske vitskapsakademiet
EktefelleMarie-Charlotte av Romilley av La Chesnelaye
MedlemDet franske vitskapsakademiet

Guillaume François Antoine, Marquis de l'Hospital (fødd 1661 i Paris, død 2. februar 1704) var ein fransk matematikar. Han er best kjent for regelen som er kalla opp etter han, andsynes grenseverdien til ein brøk der teljaren og nemnaren begge går mot null eller uendeleg, trass i at regelen eigenleg vart oppdaga av Bernoulli.

L’Hospital planla først ei militær karriere, men dårleg syn førte til at han skifta til matematikk. Han løyste brachistochroneproblemet, uavhengig av andre samtidige matematikarar som Newton.

Han er òg forfattar av den første europeiske boka om differensial- og integralrekning, l'Analyse des Infiniment Petits pour l'Intelligence des Lignes Courbes. Boka vart publisert i 1696. I 1694 hadde l’Hospital inngått ei avtale med Johann Bernoulli: For 300 franc i året skulle Bernoulli fortelje l’Hospital om sine matematiske oppdagingar, som l’Hospital skildra i boka si. I 1704, etter l’Hospital døydde, avslørte Bernoulli avtala, og hevda at det var han som hadde funne mange av resultata i boka til l’Hospital. I 1922 vart det funne tekster som gav støtte til Bernoulli. L’Hospital publiserte boka anonymt, og Bernoulli vart kreditert i innleiinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]