Guillaume av Luxembourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Guillaume
HRH Crown Prince Guillaume of Luxembourg (2010).jpg
Fødd11. november 1981
Luxembourg i Luxembourg
TittelArvestorhetug av Luxembourg
Fullt namnGuillaume Jean Joseph Marie
LandLuxembourg
MorMaria Teresa av Luxembourg
FarHenri av Luxembourg
EktefelleStéphanie de Lannoy

Guillaume (fødd 11. november 1981 i Luxembourg) er prins og arvestorhertug av Luxembourg og eldste son av storhertug Henri av Luxembourg og storhertuginne Maria Teresa av Luxembourg.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Guillaume vart fødd på Grand Duchess Charlotte Maternity Hospital[1] i Luxembourg. Han har fire yngre sysken: Félix av Luxembourg, Louis av Luxembourg, Alexandra av Luxembourg og Sébastien av Luxembourg. Gudforeldra hans er erkehertuginne Marie Astrid av Austerrike og prins Guillaume av Luxembourg . Sjølv er Guillaume gudfar til prins Sébastien, prins Paul Louis av Nassau, prins Emmanuel av Belgia, prinsesse Ariane av Nederland og prins Noah av Nassau.

Arvehertug[endre | endre wikiteksten]

Guillaume har vore arving til den luxembourgske trona sidan far hans vart storhetug i 2000. Om han ein gong vert storhertug vil han få namnet Guillaume V. Ei av oppgåvene hans sidan 2001 har vore å vere æresstyreleiar for den økonomiske utviklinga i Luxembourg.[2] Han var tidlegare aktiv i Kraizberg Foundation, ein veldedig institusjon for funksjonshemja.

Guillaume har representert Luxembourg under fleire feiringar, mellom anna då prins Christian av Danmark var døypt i januar 2006, då dronning Sonja av Noreg feira bursdagen sin i juli 2007 og då kronprins Willem-Alexander av Nederland feira 40 årsdagen sin i september 2007.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Då Guillaume feira 30 år gav han intervju der han sa at han var i eit forhold, men at dei trong meir tid til å vurdere ei mogleg framtid i lag. 26. april 2012 annonserte hoffet at kjærasten hans var den belgiske grevinna Stéphanie de Lannoy.[3] Dei har felles avstamning frå den austerrikske hertugen Charles Marie Raymond d'Arenberg. Guillaume og Stéphanie de Lannoy gifta seg 19. og 20. oktober 2012. Det fyrste bryllaupet var privat, medan det religiøse bryllaupet med gjester fra heile verda fann stad dagen etter.[4]

Guillaume er interessert i musikk og idrett; han spelar piono og likar fotball, symjing og volleyball. Han pratar luxembourgsk, fransk, tysk, spansk og engelsk. Han representerer ofte foreldra sine i utlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Le Grand-Duc héritier – Official website of the Grand Ducal Palace
  2. «HRH Prince Guillaume Jean Joseph Marie, Hereditary Grand Duke of Luxembourg» (på engelsk). 11. november 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  3. «Guillaume et Stéphanie se financent demain» (på engelsk). Wort.lu. Henta 25. oktober 2012. 
  4. «Mariage princier au Luxembourg 20 octobre 2012» (på fransk). Noblesse et Royautés. Henta 25. oktober 2012.